Tilsette i kraftkommunen Åseral tek eit krafttak for årets TV-aksjon

Åseral gjentek suksessen frå 2017 og har også i år lotteri og auksjon til inntekt for årets TV-aksjon.


Det pågår loddsal på skulen, barnehagen, sjukeheimen og rådhuset, der det er tilsette på rådhuset som har bidrege med gevinstane. Givargleda er både stor og kreativ, ein kan vinne alt frå strikka skjerf og luer, vedsekkar, lokalprodusert fuglehus, dagskort i alpinbakke til frukt- og grønsakkorg, molter, kaker og andre godsaker av ymse slag, i underkant av 50 gevinstar totalt.

I tillegg så pågår det ein auksjon på kommunen si Facebook-side. Her er det for sal ei stor og ei lita bålpanne (fyrfat), båe er lokalproduserte. Ein skinnfell av spelsau frå distriktet samt to eldre skuleplansjar frå lokalt skulehus. Bilete av auksjonsvarene fylgjer artikkelen. Du kan sikre deg ein godbit frå Åseral ved å legge inn bod på Åseral kommune si Facebook-side. Budrunden held fram til onsdag 17. oktober kl. 15:00.