Heile landet hoppar i havet for TV-aksjonen

Heile landet hoppar i havet for TV-aksjonen

Nokre hoppar gratis for symbolverdien «eit hav utan plast», andre hoppar for at folk skal verva seg som digitale bøsseberarar, medan andre set ein sum på hoppet.

Av Oddrun Midtbø

Emneknagg for tøffingar
Under emneknaggen #hoppforethavavmuligheter har folk kasta seg ut i hav, fjord og elv – med turkise T-skjorter på eller som ordførar Harald Rydland i Fitjar kommune som kjem opp av havet som ein draug, med hendene fulle av plast og søppel.

Varaordførar Vibeke Johnsen er heilårsbadar, og hoppar gjerne i fjorden for TV-aksjonen med oppmoding om at folk blir digitale bøsseberarar.

Studentar og ordførarar hoppar
Ordførar Trine Lindborg i Bjørnarfjorden kommune kickstartar den digitale bøssa si ved å hoppa i havet, medan varaordførar Siri Sandvik i Stad kommune hoppar i det våte element for kvar 5000 kroner ho får på den digitale bøssa ho har oppretta.

Engasjerte og miljømedvitne folkehøgskule-elevar og studentar rundt om i heile landet har fått med seg kva årets tema er. Dei skaper mykje liv og røre på sosiale medier til inntekt for aksjonen. Og medan folk hoppar og pengane strøymer inn til det gode føremålet, blir unge som gamle meir og meir klar over at denne kampen mot plast er like mykje lokal som global kamp.

I plastkreasjoner frå Pippip Ferner hoppa denne gjengen i havet ei regntung laurdagsmorgon. (Foto: Vibeke Glosli)