Har tatt med bøssa på jobb i over 40 år: – Målet blir å slå fjoråret

Har tatt med bøssa på jobb i over 40 år: – Målet blir å slå fjoråret

Inge (70) har jobba på ferja som går frå Haugesund til Utsira i over 40 år. Ei bøsse frå TV-aksjonen har vært om bord kvart år på aksjonsdagen 

– Eit år drog eg inn opp mot 4000 kroner på bøssa. Det var for 2-3 år sidan. Det går litt sport i det. Målet blir å slå fjoråret, ler Inge Silden på telefon frå Haugesund.

Han er bekymra over at dei unge som skal ta over dugnadsarbeidet ikkje skal være like engasjert. 

– Eg håper barn og barnebarn vil sjå gleda ved å delta i frivillig arbeid, seier Inge.

Han legg til at han er imponert over alle frivillige som gjennom heile året stiller opp til forskjellige dugnader, enten det er innsamlingar eller rydding på skuler og rundt om.

Huskar du nokon spesiell historie kring innsamlinga for TV-aksjonen? 

–Ja, det var ein utflytta sirabu som registrerte at Utsira låg på 2. plass. Han sat på båten og rekna ut kor mykje han måtte gi for å få tilbake 1.plassen. Og så betalte han beløpet som mangla! Det blir ein slags konkurranse dette, sjølv om vi ikkje klarer å slå Svalbard.

Nå har Inge pensjonert seg og skal flytte frå øya og inn til byen. I sommar skal Inge Silden til heimplassen sin, Måløy i Nordfjord.

–Når du høyrer at vêrmeldinga meldar «storm ved Stadt», då veit du kor eg kommer frå. Frå stovevindauget ser eg rett ut på Stadt, forklarer han, og innrømmer at han saknar heimplassen.

Heldigvis delar han barndomsheimen med to andre sysken, og som pensjonist kan han reise tilbake når han vil. 

På spørsmålet om han nå skal gå med bøsse i Haugesund, drar han på svaret.

Eg trur de litt yngre skal ta den oppgåva, utfordrar Inge Silden.